Performance
Monthly Listeners
Current
Followers
Current
Streams
Current
Tracks
Current
Global Rank
Current
Listeners 1,246
Top Releases
View AllBiography
Andreas Rotevatn (f.1989) er ein musikar, komponist og produsent frå Nordfjordeid på Vestlandet. Han er tidlegare spellemannsnominert og vinnar av Norsk jazzforum sin Jazzpris. Andreas Rotevatn på mange måtar ein kløyvd musikar, som stend stødig i det todelte. På den eine sida har han ein bygdeoppvekst på Nordfjordeid, og på den andre over 10 år som kunstnar i storbyen. Han nærer ein kjærleik for bruksmusikk og det dansbare, trass i ei omfattande utdanning på fleire eliteskular for musikk. Ein spellemannsnominert og prisvinnande komponist, som jamvel òg har brei apell og gode strøymetal. Ein dag høyrer han på Miles Davis og Igor Stravinsky, hin dagen er det Avicii og Michael Jackson. Rotevatn er tekstleg inspirert av fortida, gjennom Håvamål, Ivar Aasen og Bibelen, men samstundes vert han inspirert av det moderne og lydar frå synthar og trommemaskiner. Det akustiske og improviserte, møter det elektriske og planlagde. Einkvan stad i midten, i symbiosa, der trivast Andreas Rotevatn best! Han er aktuell med eit nytt album - "Av daude gror". Her har han fått med seg eit stjernelag av norske musikarar: Sofie Tollefsbøl - vokal & synth; Sander Nordahl - gitar; Nikolai Hængsle - bass; Elias Tafjord - trommer I tillegg til gjestespel frå Lindstrøm, John Wizards & Christopher Bill. Tidlegare i karriera har Rotevan hatt ein variert musikalsk diett, og han har samarbeida med artistar som Cezinando, Jaga Jazzist, Fieh, Ytre Suløens Jass-Ensemble & OJKOS.